Postadresse:


UF-Norge
c/o Stein Dølplads
Haugedalen
2450 RENA

E-post:

sekretariat(a)uf-norge.org
UF Ørsta/Volda UF-Trondheim UF-kart

Utrykningspersonellets Fellesutvalg - Indre Sunnfjord

 

REFERAT FRÅ STIFTINGSMØTET 14. JUNI 2001

 

Møtet tok til i Auditoriet på Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane kl. 19:00.

 

Tilstades var personell frå alle dei tre hovudetatane i Førde, samt representant frå  Sogn og Fjordane Fylkeskommune v/ Driftsseksjonen for Ambulanse og naudmeldetenesta.  

SAKER:

1.     Orientering:

Leiar for UF – Norge, Lasse Hermansen opna møtet med foredrag om UF si historie og bakgrunn, arbeid og oppgåver no og i framtida.

Skal vi skipe UF i Førde?

Det var stor stemning for dette då dette har vore samtale emne i mange høver der etatane har vore samla tidlegare. Det vart lagt opp til ein diskusjon om namnet på lokallaget skulle vere Førde, eller om ein skulle prøve å samle ein større region. Ambulansetenesta i Førde Dekkjer kommunane Førde, Naustdal og Gaular. Førde og Naustdal Lensmannskontor har vaktsamarbeid med Gaular, Fjaler og Askvoll. Det er og på fleire områder eit ynskje med sterkare samarbeid mellom dei kommunale brannverna. Alle var samde i at om ein skulle tenkje framtid, og ikkje minst UF sitt formål – at ein gjennom samarbeid skal fremje redningstenesta – ville vere naturleg å legge opp til eit samarbeid der ein trakk med alle kommunane i Indre Sunnfjord.

Ein vart einige om at ein ville freiste å få med kommunane Askvoll, Fjaler, Førde, Gaular, Jølster og Naustdal i eit UF – Indre Sunnfjord.

 

2.     Vedtekter

Forslag til vedtekter vart framlagde og vedtekne. (vedlegg til referatet)

 

3.     Interimstyre

Initiativtakarane frå dei tre etatane i Førde føreslo etter møte tidlegare på dagen fylgjande interimstyre, som vart godkjent:

Leiar            Kjell Naustdal        Amb.

Medlemar     Stig Torset            Amb.

                   Dag Øyen             Politi  

                   Svein E. Rød.         Politi

                   Leif O. Olsen         Brann

                  Morten F. Engebø   Brann

4.     Stiftelsesmøtet gav interimsstyret fullmakt/i oppgåve å:

 

  •   utpeike nestleiar, sækretær, og kasserar blant styrets medlemmar.

  • Kontakte fagetatane i dei andre kommunane i Indre Sunnfjord.

  • Sette saman valkomite som på beste måte repr. dei tre etatane og kommunane.  

  • forberede og gjennomføre årsmøte i løpet av våren 2002  

  • iverksette UF arbeid i tråd med vedtektene, med eit fellesmøte innan oktober 2001.

Møtet slutt:

Referatet vert sendt til fylgjande som distribuerer vidare i sin etat, samt bringer  vidare til sine sine etatar i dei 5 andre kommunane:

 

  • Stig Torset, Stasjonsleiar Førde Røde Kors Ambulanse

  • Dag Øyen, Lensmannsførstebetjent Førde & Naustdal lensmansskontor  

  • Leif Otto Olsen, Brannmester Førde Brannvesen  

samt til:

  • Leiar i UF Norge, Lasse Hermansen og sækretær Dag Myhr  

  • Ansvarleg for UF sine internett-sider, Roy Larsen

Kjell Naustdal

Leiar/referent

Mobtlf.         913 33 041

E-post          kje-naus@online.no

 

 

Organisasjonen:

Styret i UF-NorgeVedtekterMøtevirksomhetLeder

Linker:

AmbulanseBrannPoliti

Fagblad:

AmbulanseforumBrannmannenPolitiforum

 

 

 Interne sider

 

Kontakt oss

 

 

 

 

Adobe reader